Sjangerforståing

 

1.Sjanger kjem frå latin og betyr slekter, arter, klasser. Ein sjanger er eit omgrep for ei gruppe litterære verk eller musikk- film- verk som kan bli definert ut frå kriterium som språk, innhald, komposisjonsform, presentasjonsform og sosial samanheng.

2. Fotoreportasje frå Sogn Avis. Kjem bilde!

3.Fotoreportasje:

I ein fotoreportasje er det foto som er i fokus. Du skal prøve å få fram bodskapen din gjennom ein rekke foto. Teksten er det for å supplere og for å lede mottakaren til å sjå bileta i den konteksten reporteren ynskjer. Det er informerande journalistikk og må ikkje blandast med reklame. Ein fotoreportasje består av rundt 8-15 bilde, med ein liten brødtekst og underteks ved bileta. Du treng eit hovudbilete og ein fangande overskrift. Typiske for reportasjer er at Journalisten har kontakta miljøet det handlar om og formidlar observasjonar og inntrykk. I ein fotoreportasje gjer ein dette gjennom bileta.

Kjelder:

– Asbjørnsen, Dag m. fl (2007): Mediemøte 2, Aschehoug.

– Caplex: «Sjanger». http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9312373. Lasta ned 25.05.10

Advertisements
Published in: on mai 31, 2010 at 8:26 am  Kommenter innlegget  

Gamal bygd, nytt liv

Fotoreportasjen

(Trykk på bilete for å sjå heile fotoreportasjen!)

Idé

Når me fekk denne oppgåva, var det første eg gjorde å velje sjanger. Fotoreportasje var noko eg aldri hadde prøvd før og det høyrdest spanande ut. No hadde eg mogelegheita til å sette bileta i fokus, og prøve å formidle bodskapen min gjennom dei. Det neste eg måtte finne ut var kva eg ville lage fotoreportasje om. Eg valde å lage reportasje om Underdal i våren. Det er kanskje ikkje det mest spanande temaet, men det kunne bli ein fin fotoreportasje. Dessutan hadde Albertine sagt at det som var i fokus, var å vise at ein beherska sjangeren.

Synopsis og manus

Etter å ha funne ideen skreiv eg ein synopsis. Der formulerte eg enkelt kva det var eg ville få fram i bileta og teksten i reportasjen. Så skreiv/ teikna eg manuset. Eg teikna korleis eg såg føre meg at reportasjen skulle sjå ut. Så  disponerte eg plass til tekst og fann ut ca kor mange bilete eg kom til å trege. Så skreiv eg ned fleire idear til motiv for bileta som kunne passe med temaet mitt.

Kjøreplan

Sidan eg måtte heim til Underdal for å kunne ta bileta til reportasjen, var det viktig at eg planla godt når eg hadde moglegheit til å gjere dette. Eg tenkte det var viktig med sol, så eg sjekka værmeldinga og fann nokre passande dagar. Dessverre var eg så uheldig at det ikkje vart sol desse dagne likevel. Det neste eg måtte gjere klart var utstyr. Eg avtala med mora mi om å få låne hennar speilreflekskamera til desse dagane. Eg avtala også med broren min om at han skulle hjelpe meg med å utforme reportasjen i photoshop.

Fotoreportasjen gjekk bra. Men det var uheldig at det ikkje var sol dei dagane eg var ute og fotograferte. Heldigvis har eg ei mor som er hobbyfotograf, og ho kunne supplere med mange fine bilete. Det tekniske i photoshop gjekk bra, fordi bror min hjelpte meg teknisk. Elles var eg også svært fornøgd med utforminga og synst det var stilig at me fekk det til å sjå ut som ei side i Sogn Avis. Blant anna passe eg på å bruke serif i brøteksten, noko som er viktigt i eit trykt medie . Serif er ein teksttype som er lett å lese. I prosjektet har eg nytta verktøy som photoshop og speilreflekskamera, dette er verktøy eg har lite erfaring med frå før av så det var ein lærerrik prosess. Men eg føler at det vart ein bra fotoreportasje.

Etiske val eg måtte være bevist på var blant anna opphavsrett. Når eg fekk bruke bileta til Pascale, måtte eg få tydeleg fram kva bilete som var hennar. Eg var også obs på at reportasjen ikkje skulle bli for reklamerande. Tekstreklameplakaten var eit hjelpemiddel for å passe på at eg holdt meg ti relevant stoff (NP: Tekstreklameplakaten).

Kjelder:

– Baudonnel, Pascale (2010): Diverse fotografi av Underdal om våren.

– Wikipedia (2010): «Serif». http://en.wikipedia.org/wiki/Serif. Lasta ned 25.05.10

– Norsk Presseforbund (2006): «Tekstreklameplakaten». http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Tekstreklameplakaten/ lasta ned 25.05.10

Published in: on mai 22, 2010 at 4:12 pm  Kommenter innlegget  

Minoritetar i media

Eg og Bjørnar valde å bruke GoAnimate til å få fram vårt bodskap. Som er «Korleis blir minoritetar/DU framstilt i media». Me byrja med å lage ein synopsis og så ein StoryBoard. GoAnimate er eit enkelt animeringsverktøy, som passar fint til eit enkelt avkoblingsprosjekt. Me hadde det veldig kjekt under arbeidet. Storyen var at to elevar med ulik bakgrunn skulle skrive blogginnlegg om minoritetar i media. Medan dei venter på bussen, spør dei kvarandre «Korleis føler du, at du blir framstilt i media?». Så følgjer det ei sene der, me blir med inn i tankane til den som blir spurd. Slik viser me kva dei føler om emne.

Etter de har sett filmen, vil eg oppfordre dykk til å tenkje etter for dykk sjølv, «Korleis blir EG framstilt i meida i forhold til andre grupper?».

Published in: on april 12, 2010 at 7:29 am  Kommenter innlegget  

Bloggkommentarar:)

Bloggkommentaren min til Kongsberg VGS elev:

Hei:) Einig med kommentaren over. Innleininga di var interesant, men den passar kanskje ikkje inn i ein slik faglig tekst. Då passar neste avsnittet under betre som innleiing. Den har med problemstilling og definisjon på informasjonskløfter, noko som er bra. Men som sagt ovanfor (annan komentar ivanfor), kanskje du burde velje ei av problemstillingane? Du stiller masse spørsmål, og det gjer at eg får lyst å lese meir:) Men kvar er resten?:)

Eg valde å dra fram denne komentaren, fordi eg føler at her kjem eg med relevant hjelp. Er ganske sikker på at råda mine kan komme godt med. Ellers synst eg også den var eit godt eksempel på dei andre kommentarane eg skreiv. Fordi det var mange tekstar som verka som dei mangla heile hovuddelen. Verka som om dei hadde fått beskjed om å berre legge ut innleiinga. Dette hadde ikkje me fått beskjed om, så eg kommenterte ut frå det eg viste, altså at det var eit ferdig produkt. Eg retta hovudsaklig på strukturern i teksten fordi innholdet var bra, men også fordi det var korte tekstar og derfor lite å kommentera på.

Link: http://kmedium.blogspot.com/2010/02/informasjonsklfter.html#comments

Published in: on april 6, 2010 at 11:19 am  Kommenter innlegget  

Nasjonale Minoritetar

Nasjonale minoritetar er grupper som utgjør mindre enn 50% av en populasjon og som har langvarig tilknyting til landet. I Noreg er dette Kvener, Jødar, Skogfinnar, Rom/Sigøynarar og Romanifolk/Tatere. Urfolk er også ein del av dei Nasjonale minoritetane, i Noreg er dette samar. Urfolk kan definerast som ei politisk ikkje-dominerande opphalvleg folkegruppe i eit område (Asbjørnsen, Dag m. fl. 2007, s.113) . Korleis blir desse gruppene framstilt i media? Kva etiske problem og utfordingar oppstår i møte med medium og ulike nasjonale minoritetar? Korleis er det i andre land?

I Noreg er samar den største nasjonale minoriteten, og er derfor den som blir mest omtalt i media. For dei har media vert essensielt når dei kjempa for like rettar som andre nordmenn, og når dei skulle kaste lys på kritikkverdige forhold som blant anna den norske stat sto bak. På denne måten har media halde Vær- varsamplakaten i forhold til samane.  Men samane er fortsett ein minoritet, og i dei store mediuma som strekker seg over landet, har deira språk, nyheiter og kultur fått liten plass. Sjølv om staten har satt reguleringar for allmenkringastarane for å sikre ein viss mengd samisk program, so ser ein lite til det, og ikkje noko i beste sendetid. Så derfor finst det fleire eigne samiske aviser, radio- og tv- stasjonar i tillegg. Dei andre nasjonale minoritetane nemnt ovanfor blir sjeldan omtala i media. Men når dei blir det er det ofte som avsløringar av kritikkverdig forhold og diskriminering, der minoritetane er dei stakkars små mobbeoffera. Men det har ikkje alltid vert slik i 1934 var taterane omtala slik ”De hører til et undermåls folkeferd som stadig rekrutterast frå samfunnets bunnfall. Intelektuelt sett står de norske omstreifere i klasse med negere, indianere og meksikanere. Sicialt og psykologisk er de å sette i klasse med vaneforbryterne” (Knut Aukrust 2005). Minoritetane blir framleis ofte omtalt med negativ kontekst i dag også, berre ikkje like ekstremt. Til dømes blir ofte Rom/Sigøynarar omtalte som kriminelle og utanfor samfunnet, og Jødar er no til dags som regel i media i forhold til konflikten i Midtausten.

Etiske problem i møte med nasjonale minoritetar og media er mange. Media har i følgje Vær- varsamplakaten ein plikt til å tale deira sak, og setje i lys på kritikkverdige forhold. Også i følgje ytringsfridomskomisjonen er det lagt vekt på viktigheita ved å leggje til rette for samtale mellom minoritetar og ulike grupper (Regjeringa 2000 – 2001). Men media har lett for å gløyme dette og heller snakke om populær saker. Minoritetar har lite dei skulle sagt imot om media vel dei vekk, for media er på mange måtar deira einaste talerøyr der dei kan nå ut i til folk flest. Andre problem er at media har ein tendens til å heller styrke stereotypar, enn å gi eit godt nyansert bilete. Når minoritetar sjeldan kjem i media, er det som oftast dersom noko sensasjonelt har skjedd. Altså til dømes når ”dei” har gjort eit lovbrot (kriminelle), eller når eit lovbrot har skjedd ”dei” (offer). Media har ein utfording med å skape eit meir nyansert bilde av nasjonale minoritetar og ikkje berre setje dei i den same boksen gong etter gong.

Historia og mediet si framstillinga av nasjonale minoritetar er mykje det same i andre land også. Dei har dei same måtane å berre bruke saker om minoritetsgrupper når det gagnar media, eller er til majoritetens fordel. Som under Ol opninga i Sydney, når Cathy Freeman ein sportsutøvar med aboriginar bakgrunn fekk oppgåve å tenne den olympiske elden. Mange meinte denne hendinga var paradoksal i forhold til den undertrykkande politikken styresmaktene har ført mot urfolket. Medan andre meinte det var eit historisk og symbolladd markering. Og då blir dette  også eit døme på at media har fått fram ein nasjonal minoritet i eit nytt og positivt perspektiv. Andre land slit me dei same etniske problema i møte med media og nasjonale minoritetar. Dei blir sjeldan omtala og ofte og satt i bås.

Jevnt over ser me at det er mykje som kan forbetrast, og det er fortsett ein god del minoritetar som ikkje er noko profilert i media. Og me må ikkje gløyma at det har blitt mykje betre, og kanskje det blir enda betre med tida? Løysinga kan ligge mange forskjellige plassar; nye regelverk og retningslinjer eller statleg organisering for større profilering av minoritetar.

http://search.creativecommons.org/# SØKEORD: Samer.

Sametingsgruppa 2005 – 2009

http://search.creativecommons.org/#. Google (Image). SØKEORD: Samer

KJELDER:

LESE MEIR?:

Published in: on februar 5, 2010 at 7:38 pm  Kommenter innlegget  

Fjorden – Medieoppleving

I fjor hadde ut i naturen eit jubileumsprogram kalla Fjorden. Programmet handla om korleis fjordane i Norge vart til, med fokus frå alt frå istida til kulturlandskapet. Programmet hadde ekstra fokus på Sognefjorden sidan den er den største av fjordane.

I ein liten del av programmet skulle dei filme korleis kulturlandskapet blir forma langs fjordane. Filmteamet, som besto av ein kameramann og ein reporter, blei derfor med min familie langs fjorden for å hausta inn gras. Me fekk beskjed om at me skulle oppføre oss heilt vanleg og ikkje bry oss med kameraa. Noko som var litt vanskeleg, når du til stadigheit vart bedt om å gjere den same bevegelsen på nytt og på nytt, og når dei heile tida korrigerte retninga på andletet ditt så det vende meir mot kamera. Filmteamet var veldig hyggelige, så me holdt ut.

Eg synst at det var spanandes å sjå korleis det var bak settet på ein dokumentarfilm. Og det var fasinerande å sjå korleis og med kva utstyr dei fekk til dei mange flotte bileta. Når du ser ein dokumentarfilm tenker du alt er realistisk, og det er jo nesten det, men litt redigering er det likevel. Du får ganske tydeleg beskjed om kva du skal snakke om, og kva vegg du skal være vendt når du gjere arbeidet. Og valet av kva klipp som skal være med og kva ikkje er opp til teamet, og det kan ha mykje å seie for inntrykket.

Det var ein spanandes oppleving, og enda i eit veldig fint program:)

http://search.creativecommons.org/#. SØKEORD: Aurlandsfjorden

Underdal ved Aurlandsfjorden

http://search.creativecommons.org/#. Google (image). SØKEORD: Aurlandsfjorden

LENKE:

Published in: on januar 14, 2010 at 10:10 am  Kommenter innlegget  

Videoprodduksjon

Me fekk i oppgåve å lage ein film med utgangspunktet i FN sitt menneskerettsfråsegn om ytringsfridom. Denne oppgåva kunne løysast på mange måtar, og me var svært fornøgde med vår idé. 

Me valde å bruke sjølve fråsegnet i filmen, der me skulle bruke mange forskjellige folk, gjerne med ulik kulturell bakgrunn, og kvar av dei skulle seie eit ord. Slik skulle me få fram bodskapen om at ytringsfridom er for alle. Ideen utvikla seg og me fekk inn to nye scener. I den første scena skulle me filme i nært og ultranært perspektiv ein person som ikkje hadde ytringsfridom. Dette skulle komme fram med at personen hadde tydeleg raud teip over munnen. Imellom kom klippa med ytringsfridomsfråsegnet. Og på slutten kom den andre nye scena. Der var me tilbake til personen i byrjinga, men no bryt ho over teipen og får ytringsfridom. Me interpreterer og skaper forståing ved å plante inn litt tenkst i byrjinga og slutten. Me brukte kontrast ved at når me ser jenta i det første klippet er ho bustete på håret og har mørk sminke, medan når me ser ho igjen på slutten er håret glatt og sminken fin. Slik får me ein stemningsforskjell i klippa, noko som betyr alt. Musikken me valte var enkel musikk, som byrja litt roleg og kanskje litt dyster og utvikla seg meir munter utover i filmen. Me valte denne songen også fordi den er lokalprodusert (Eva Weel Skram) og det var derfor lett å kunne spørje om lov. I scena med ytringsfridomsfråsegnet, prøvde me å skape kontrast ved å finne ulike folk, med forskjellig karakteristikk. I denne scena veksla me mellom halvnært og ultranært, for å skapa effekt, ved å komma inn på fjeset og det karakteristiske ved personen.

Under  innspelinga fekk me bruke eit filmrom og dette gjorde at motivasjonen for arbeidet auka. Det var moro å jobbe med godt utstyr. Me jobba grundig og effektivt. Og eg trur ingen av oss har snakka me så mange forskjellige folk på så kort tid nokon gong før. Mange var svært positive til å bli filma, spesielt jenter og eldre menn, medan gutar var meir skeptiske. Me filma masse og fekk masse klipp, men me skulle hatt meir. Me skulle også ha planlagt betre kor mange gonger det same ordet skulle filmast. Men for å være første gongen me har gjort noko slikt, synst eg me var ganske så profesjonelle. Og me hadde det veldig morosamt under innspelinga. 

Me vart veldig fornøgde med filmen, spesielt når me fekk musikk til. Men hadde me hat meir tid kunne me ha fått klippa til å fungere betre saman.

Eg skal legge ut filmen både her og på youtube så fort eg får den att av Albertine:)

Published in: on januar 14, 2010 at 9:44 am  Kommenter innlegget  

BILDESØK OG BILDEBRUK

Bildesøk og bildebruk

  1. Opphavsretten er det at opphavskvinna har einerett til verket. Eineretten sikrar opphavskvinna utbytte f frå verket.
  1. Eit åndsverk er resultatet av ein skapande innsats og kan omfatte alt frå romanar og foredrag til skulpturar og programvare for datamaskinar. Eit åndsverk må ha eit minimum av originalitet.
  1. Du må spørje opphavskvinna om du får tilatelse til å bruke bilde.
  1. Oganisjoner for forvalting av opphavsrettar; TONO, FONO. Kopinor, Norwaco, Gramo og BONO.
  1. Sitatrett er at me har lov å ta sitat frå andre tekstar dersom me gir opp kjelde.
  1. Creative Commons er ein ikkjeprofitt organisasjon som gjer det enklare for folk å dele og bygge på andres arbeid, i samsvar med reglane for opphavsretten.

Kjelde:

– Wikipedia (2010): «Opphavsrett». http://no.wikipedia.org/wiki/Opphavsrett. Lasta ned 25.05.10

http://creativecommons.org/

http://www.creativecommons.no/index.html

Published in: on november 9, 2009 at 9:37 am  Kommenter innlegget  

Copyright – Opphavsrett

Navn: Mikeblogs

Tittel: Copyrights symboles

Lenke: http://search.creativecommons.org/#

Tilgjengeleg under: Flickr from Yahoo

Published in: on november 9, 2009 at 9:22 am  Kommenter innlegget  

Deloppgåve i media

Deloppgåve i media av Maria B. Underdal

A Tekst.

Trykkekunsten

Eg valde å skrive om trykkekunsten og kva den har gjort for samfunnet. Dag Asbjørnsen m. fl.  skriv at Johann Gutenbergs trykkpresse kom i 1450. Denne nyvinninga førte til store endringar, og me kan på mange måtar seie at boktrykkjarkunsten var starten på mediehistoria (2007, s124). For gjennom boktrykkarkunsten kunne informasjon spreiast gjennom nye kanalar.

Johann Gutenberg presentere i 1455 ”den såkalte 42-linjede Bibelen (Biblia Latina Vulgata), et praktverk i to store bind trykt på latin med gotisk skrift og med initialer og annen dekor malt for hånd”  (Odd Borgersen 2009 ). Dette var den første trykte boka i Europa.

Dag Asbjørnsen m. fl. skriv vidare at boktrykkjarkunsten var sjølve grunnen til reformasjonen, fordi trykkjekunsten opna for nye syn og meiningar og alternative måtar å sjå ting på. (2007, s.124). I dag spreiar meiningar seg fortare enn Gutenberg  kunne ha forstilt seg, avisene bognar med lesarinnlegg, debattinnleg og artiklar.

B. Refleksjon

Det som er vanskeleg var å finne tydeleg skilje mellom dei ulike typane sitat, det er òg fort å gløyme skilje mellom nett sitat og bok sitat. Men det er synst var mest slitsamt var å passe på å plassere små ting som kolon, punktum og komma rett, og det at eg ikkje såg nokon logikk ved kvifor noko var rett og noko gale.

Pålitelegheita til kjeldene:

Det Store Norske Leksikon er påliteleg fordi dei har artiklar med kvalitetssikra stempel, ” artikler med Kvalitetssikret-stempelet blir gått god for av en av Store norske leksikons fagansvarlige. Vedkommende vises i artikkelens øvre høyre hjørne, som ansvarlig for inneværende artikkel”.

Læreboka mi Mediemøte 2 er påliteleg fordi den er godkjent av norsk skulevesen.

Kjelder:

Published in: on november 2, 2009 at 9:37 am  Kommenter innlegget